SFE
Frist 2026-07-01
Ansettelsesform Fast
Driftsingeniør
For å kutte i fossile utslepp og nå klimamåla, er Noreg – og verda – avhengige av meir fornybar energi. Som eitt av dei største kraftselskapa på Vestlandet er SFE ein aktiv aktør i denne omstillinga. Vi produserer fornybar energi kvar dag – og utviklar ny kraft for framtida. Samtidig jobbar vi kontinuerleg for å skape mest mogleg verdi av produksjonen vår gjennom god drift, riktige investeringar og presis marknadsagering.
Vi søkjer no driftsingeniør til vår produksjonssentral.
Som driftsingeniør får du ei sentral rolle i overvaking, styring og vidareutvikling av produksjonsanlegga våre – i eit fagmiljø som kombinerer operativ drift, teknologi, analyse og beredskap. Produksjonssentralen er ein viktig hub i SFE med døgnkontinuerleg bemanning og brei kontaktflate mot kraftverka våre, driftspersonell, nettsentralar, Statnett og andre samarbeidspartar.
Ei nøkkelrolle i trygg kraftdrift
Som driftsingeniør hos oss blir du ein del av skiftordninga for styring og overvaking av produksjonsanlegg. Saman med dyktige kollegaer vil du få ansvar for oppfølging av at anlegga vert drifta i samsvar med konsesjonskrav, interne krav og gjeldande prosedyrar. Du vil og leie kopling ved arbeid i høgspentanlegg i rolla som leiar for kopling, og vere ein del av beredskapen ved hendingar som krev rask og trygg operativ handtering.
Arbeidet omfattar i tillegg planlegging og koordinering av vedlikehald og revisjonar, feilrapportering og oppfølging av driftsdata og analyseverktøy. Du vil bidra til å utarbeide og oppdatere sjekklister, prosedyrar og annan driftsdokumentasjon, og vere med på utvikling og forbetring av system og digitale løysingar, til dømes innan SCADA og datavisualisering. Vidare vil du bidra i HMS-arbeid, risikovurderingar og kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar og driftsstøtte.
Kven ser vi etter?
Du har gjerne høgare utdanning innan elkraft, automasjon, maskin, eller andre relevante tekniske fag. Relevant erfaring kan vege opp for delar av den formelle utdanninga.
Det er ein fordel om du har kjennskap til drift av tekniske anlegg, høgspenning, SCADA eller andre driftskritiske system, men det viktigaste er at du har god systemforståing, lærer raskt og ønskjer å utvikle deg i lag med oss.
Vi ser etter deg som er strukturert, trygg og løysingsorientert, og som trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre. Du treng ikkje kunne alt frå første dag – vi veit at gode fagmiljø blir bygde av ulike erfaringar og perspektiv. Dersom du kjenner deg att i noko av dette, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer større mangfald og oppmodar særleg kvinner til å søkje.
Difor skal du velje oss
Våre tilsette trivst svært godt på jobb – det får vi tydeleg bekrefta i medarbeidarundersøkingane våre. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje – spesielt nyutdanna. Verdiane våre – Stolt, Frisk og Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.. Med jobb hos oss har du meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit selskap med sterk forankring i fornybar energi og lokal verdiskaping. Du blir del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med høg grad av samhandling, moderne fasilitetar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi legg til rette for ein god opplæring og kompetanseoverføring.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad er Sandane.
Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Har du spørsmål kan du kontakte Kevin Denton, mobil 41925891.
Ferdigheter
AI-generert
Analysere data
Bedriftsovervåking
Drift og vedlikehold av elektriske høyspenningsanlegg
Høyspenning
Planlagt vedlikehold
Sektor: Privat
Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane, 6823 Sandane
Bransje: Kraft og energi
Stillingsfunksjon: Ingeniør
Nøkkelord
driftsingeniør, kraftproduksjon
-
Kontaktperson: Kevin Denton
-
Stillingstittel: Leiar produksjonssentral
-
Mobil: 41 92 58 91